Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 22.05.2017Kontaktavdeling: Fellesrådet Kontaktperson: Jon Inge Nordbø Knut Bjørn Skyttemyr

Kyrkjekontoret - Kyrkjene i Nissedal

Kyrkjekontoret i Nissedal har kontorstad på Kommunehuset i Treungen.

Namn  Tittel  Telefonnummer  Mobilnummer 
Knut Bjørn Skyttemyr  Sokneprest  35 04 84 49  907 99 368
Jon Inge Nordbø  Kyrkjeverje  35 04 84 43  901 61 671
Eilev Erikstein Prostdiakon    911 13 580
Anne Marie Larson  Kyrkjetenar    906 34 747 
Olav Svalastog  Organist    


Om kyrkjene i Nissedal

Nissedal kyrkje:

Kyrkja blei vigsla 12. september 1764. Ho er bygd som ei krossforma tømmerkyrkje med 270 sitjeplassar. Altartavla og altarbordet frå 1600-talet er truleg henta frå den gamle mellomalder-kyrkja som stod på same staden. Ein messehakel omsydd frå ei gamal korkåpe, er frå tida før reformasjonen 1537. Ved kyrkja ligg og ein del av eit gamalt katolsk altarbord i stein.

Tveit kyrkjegard:

Her låg den eldste kyrkja i Treungen. Ho er nemnd i erkebiskop Øysteins hyrdebrev i 1395 som 'Kyrkja på Thveitar i Tridungenum.' Universitetes oldsakssamling har ein skoren madonnafigur i tre frå denne kyrkja. Den skal vere eit norsk arbeid som er laga på 1200-talet.Den andre kyrkja på Tveit blei bygd i 1750. Det var ei langkyrkje av tømmer med våpentårn og klokketårn med spir. Denne kyrkja blei riven i 1863, og ein del av tømmeret blei bruka i kyrkjestova som står ved den noverande kyrkja i Treungen. 29. juli 1984 blei ein klokkestøpul innvigd på kyrkjegarden på Tveit.

Treungen kyrkje:

Kyrkja blei vigsla 25. mars 1863. Ho er bygd som ei langkyrkje av tømmer med 250 sitjeplassar. Altartavla, døypefont, nattverdsylv og kyrkjeklokker frå 1750-talet er henta frå den gamle kyrkja på Tveit. Kyrkjestova som ligg like ved kyrkjegarden, er bygd av tømmer frå den gamle kyrkja.

Felle kapell:

Kapellet blei vigsla 3. oktober 1971. Det er eit vakkert, lite og vel utstyrt kyrkjehus med 80 sitjeplassar. Fire tresnitt med motiv frå frelsessoga utgjer tilsaman eit stilreint, krossforma altarbilde. Kapellet har og ei variert og interessant kunstsamling med religiøse gjenstandar frå mange land.

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk