Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kino

Bygdekinoen har framsyning på Fleirbrukshuset i Treungen.

Kinodagen er annankvar onsdag, oddetalsveker.

Kiosken i Fleirbrukshuset er open når det er kino. Me har eit godt utval av drikke og snacks.

Kinoplakatar blir hengt opp på førehand. Me legg også ut kinonyheitar på Facebook og på Kva skjer-kalenderen på heimesida.

Kinobillettar kan ikkje bestillast på førehand.

Filmprogrammet finn du her 

Aldersgrense på kino

  • A: Tillatt for alle
  • 6 år: Alle barn saman med vaksne
  • 9 år: Barn ned til 6 år saman med vaksne
  • 12 år: Barn ned til 9 år saman med vaksne
  • 15 år: Unge ned til 12 år saman med vaksne
  • 18 år: Absolutt aldersgrense

Kven har lov til å vise film?
 

For å ha lov til å vise må ein ha konsesjon, som blir gjeve frå kommunen.
Ein må også ha rettane til filmen og ein har berre lov å vise 35 mm film.
I praksis vil det seie at det berre er kinoane som har høve til å halde filmframsyningar.

Besøksadresse: Solås 2
jenter på kino

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk