Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Kulturpris

Nissedal kommune har kulturpris som kan delast ut annankvart år. Kulturprisen er på kr 10.000,- og kan delast ut til enkeltpersonar, grupper eller lag i Nissedal.

Retningsliner:

Dersom prisen ikkje blir delt ut, kan formannskapet nytte løyvinga til andre kulturelle formål.

Kulturprisen kan bli delt ut til ein eller to:

  • Personar
  • Lag/organisasjonar/foreiningar
  • Institusjonar

som er frå, eller bur i Nissedal kommune, og som har gjort eller gjer ein kulturell innsats utover det vanlege innanfor det utvida kulturområdet.

Innan 15.05. kvart andre år skal det bli kunngjort i distriktets aviser at framlegg til kulturpriskandidat/-ar må bli sendt til eining for kultur innan 01.08. Formannskapet er ikkje bunde av innkomne framlegg, og kan på eige initiativ take opp framlegg til kandidat/-ar til kulturprisen. Formannskapet avgjer utdeling av kulturprisen og leiaren av formannskapet overrekker prisen.

Saman med kulturprisen blir det delt ut eit diplom det det stend fylgjande: Nissedal kommune sin kulturpris, samt årstal og prisvinnaren/-ane sitt namn. Diplomet blir underteikna av ordførar og leiar av formannskapet.

Kulturprisen blir delt ut i 1994, 1996, 1998 osb.

Retningslinene er vedtekne av Hovudutvalet for kultur 27.04.93.

(Sidan hovudutvalet ikkje finst lenger, er teksten retta til formannskapet, som heretter skal avgjere kven som skal få kulturpris.)

Desse har fått kulturprisen  År
Frank Lien 2015
Harald Valle og Tor Valle 2013
Pauline og Jon Inge Nordbø 2010
Marit Røysland 2008
Jørgen Solberg 2006
Inger Holskar 2004
Johan Trondsen og Sveinung J. Sønderland 2002
Olav Fjalestad 2000
Oddvar Olsen 1998
Leif Arild Sanden 1996
Nissedal Hornmusikk 1994
Gottfred Rekkebo 1992
Ikkje utdelt 1991
Tordis Ufs 1990
Frikyrkja kvinneforening 1989
Tore Skåli 1988
Kjell Åsen 1987
Ivar Fjeldstad 1986
Jon Fjone og Tor O. Tveit 1985
Torkjell Solheim 1984

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk