Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst
Sist endret: 22.05.2017Kontaktavdeling: Eining for omsorg

Nissedal omsorgssenter - NOS

Nissedal omsorgssenter ligg i Treungen, og har som målsetting at alle bebuarar skal oppleve tryggleik og livskvalitet.

Besøksadresse: Sollivegen 2
Telefonnummer: 35 04 84 50

Omsorgsenteret har har fylgjande avdelingar
  • Somatisk avdeling med 10 enkeltrom og 4 leilegheitar
  • Skjerma avdeling med 6 enkeltrom for demensomsorg
  • Heimesjukepleie
  • Serviceavdeling
For pårørande evt. ektefelle som ynskjer å vere saman med den som har fått tildela plass og få måltida her, er døgnprisen kr 100,-
Middag kr. 50,-.

Kvar avdeling har eiga målsetting.

Det viktigaste er likevel årsaken og målet med ditt opphald. Det vert utarbeidd i samarbeid med deg og dine pårørande. Du får plass på den avdelinga som er mest i samsvar med dine behov.

Du vil få oppnemnt primærkontakt. Primærkontakten har eit særskild ansvar for å ivaretake deg på ein god måte. Elles vil du få hjelp av fleire tilsette medan du er på omsorgssenteret.

Omsorgssenteret har ei serviceavdeling. I denne avdelinga har dei tilsette ansvar for matlaging, reinhald og vask av tøy.

Nyttig å vite for deg og dine pårørande


Måltid

  • Frukost frå kl. 08.45
  • Lunsj kl. 12.30
  • Middag kl. 15.30
  • Kveldsmat frå kl. 19.00
  • Laurdag og sundag er det middag kl. 13 og kaffeservering kl. 16.

Kvar avdeling har matservering i stove eller på kjøkken. Ettermiddagskaffen serveres på dei ulike avdelingane.

Eige rom
Alle rom er definert som enkeltrom. Du må likevel vere innstilt på at du må bytte rom og/eller avdeling under opphaldet i samsvar med dine aktuelle behov.

Klede
Alle bebuarar nyttar privat tøy. Dette må vere merka med namn.

Møblar og inventar

Det er ynskjeleg at du set ditt personlege preg på rommet med både møblar og bilete om du skal bu her over tid. 

Det er uttak for TV på alle rom.

Verdisaker
Det er ikkje låsbare skåp på romma. Oppbevaring av pengar og smykke blir difor på eige ansvar. 
Konsulent Torun Saga kan hjelpe til med pasientrekneskap og oppbevaring av kontantar.

Telefon
Dersom du ynskjer telefon på rommet må det tingast via televerket. Betaling etter televerket sine satsar.

Trådlaust internett
Passordet er: velkommentilnos i eit ord.

Besøk
Du kan ta imot besøk når du ynskjer. Det er god plass på romma, men besøkande er også velkomne til å vere i fellesareala og deltake ved ettermiddagskaffen i stovene.

Legeteneste

Kommunen har tilsynslege som har legevisitt på omsorgsenteret ei gong i veka. Lege kan også tilkallast utanom dette ved behov. Institusjonen dekker eigenandel.
Dersom du ynskjer å nytte annan lege må du betale omkostningane sjølv.

Fysioterapeut
Det er fysioterapeut ved omsorgssenteret ved behov.

Tannlege
Alle som er innlagt på sjukeheimen har rett til gratis tannbehandling i den offentlege tannhelsetenesta.

Kulturprogram og aktivitet
Andakt kvar veke.
Høgtlesing ( leseombod ) annakvar veke.
Nissedal Helselag besøker omsorgssenteret regelmessig i avtale med aktivitøren.
Telemarkskonsertar held konsert vår og haust.
Det er oppslagstavle i avdelingane der vi orienterer om ulike aktiviteter / besøk.
Kvar ettermiddag er det kaffestund. Enkelte dager er det kulturelle innslag av ulik slag under denne samlinga.

Personellet ynskjer deg alt godt for opphaldet her.

Brosjyre til utskrift


Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk