Hopp til hovudinnhald Hopp til søk Hopp til bunntekst

Turistinformasjon

Turistinformasjonen er lokalisert i Treungen sentrum, og ligg ved kommunehuset.

Turistinformasjon

Bygget ligg fint plassert nede ved Nisser. Me har eit populært klatretårn for barn, og benkar ein kan site å nyte naturen i.

På turistinformasjonen kan du låne PC. Vil du leige syklar kan du gjere det til bare 100 kroner dagen eller 150 kroner døgnet. Me har mange brosjyrer, i tillegg til kart og anna nyttig informasjon, både for fastbuande og turistar. I tillegg hjelper me deg så godt me kan med å booke reisa di.

På baksida av turistinformasjonen er det offentlege toalett.

Opningstider:

Frå 13. juni til 13. august, måndag til fredag frå kl. 10.00 til 16.00, og laurdag frå kl. 10.00 til 16.00.

Frå 15. august til 14. juni er turistinformasjonen på kommunehuset, og følger kommunehuset sine opningstider.

Telefonnummer til turistinformasjonen er 35 04 84 44. 

Her finn du mykje nyttig informasjon om Nissedal

Velkomen til Nissedal!

Nissedal.kommune.no nyttar informasjonskapslar (cookies) slik at me kan yte deg betre service. Informasjonskapslane blir i hovudsak nytta for trafikkmåling og optimalisering av tenesten. Du kan fortsette å bruke nissedal.kommune.no som vanleg dersom du godtek dette. Dersom du vil vita meir, kan du lese om vår bruk av informasjonskapslar. Lukk